vår historie

Midt i Sunnfjord sitt mjuke, innbydande fjordlandskap, finn du ei konsert- og teaterscene med plass til 150 gjestar.

Størst merksemd fekk Operagarden i samband med Dame Kiri Te Kanawa sin konsert her i 2009. Sidan har salen husa eit utal artistar, med nasjonal og internasjonal status.

Garden som arena for førestellingar gir ei sterk og unik oppleving, grunna nærleiken artistane får til publikum og omgjevnadene. Sidan 2015 har Operagarden samarbeida med Bergen Nasjonale Opera om operafestivalen Mimi goes glamping. Festivalen fekk rosande omtale i Financial Times og i Opera Now i 2015: "When the event catches on they may well have to kill for a ticket".

Operagarden har også vore arena forkonserter med kjende norske artistar. NRK Sogn og Fjordane har gjort TV-konsertar med Sigrid Moldestad i 2014 og Eva Weel Skram i 2016.