Sogn og Fjordane Teater sin visjon er å røre folk med
opplevingar dei ikkje har hatt før, bygd på verdiane modig,
engasjert og inkluderande. I fleire år har teatret samarbeidd med
Åmot Operagard om framsyningar, fordi Åmot Operagard sin profil er
modig, og fordi forestillingane der skaper entusiasme og
engasjement. Om du reiser til Åmot Operagard får du nett det vi er
opptekne av, nemleg opplevingar du ikkje har hatt før, i intime og
særeigne omgivnader, med ei ramme som osar av kvalitet.
www.softeater.no